<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=797583897089809&ev=PageView&noscript=1" />
  •  (Foto/Photo)

Håkon Bleken, Nedtagelsen, 1982.

Innkjøpt i 1989, innkjøpsfondet.  
 

Det er få kunstnarar som kan måle seg med Håkon Bleken sin posisjon (f. 1929) i norsk kunst- og samfunnsliv. Som 23 år gammal, i 1952, debuterte han med si fyrste separatutstilling i Trondhjems kunstforening. Sidan den gang har han hatt over 30 utstillingar i Trondhjems Kunstforening og siden i Trondheim kunstmuseum.  Døden, kjærleiken, musikken, litteraturen og politikken er tema som ofte går igjen i kunstnarskapet til Bleken. Ofte nyttar han litterære referansar til å diskutere mennesket, samfunnet og tida vi leve i.  

Nedtagelsen er eit av Bleken sine hovudverk, og er en collage, som består av utklipp fra aviser som er malt over. Bleken nyttar seg ofte av collage, og ved å sette saman ulike bilder åpnar han opp for å sjå nye samanhengar. Midt i Nedtagelsen ser me eit tomt kors. Scena me ser er augneblikket då Kristus er teken ned frå korset, og har ofra seg sjølv for våre synder - eit sentralt motiv i kunsthistoria. I bakgrunnen ligg avisutklippa, med bilete av krig, terror, svolt og naturkatastrofar. I verket til Bleken er Gud borte, mennesket er etterlaten til seg sjølv.  Det er som om han spør “Kven skal redde oss no”?  

Mer:

Se også: