Hopp til hovedinnhold

  • 1/1

Tone Thiis Schjetne (1928 – 2015), Sommervind, udatert.

Innkjøpt 1981 for Gallerifondet fra Kunstnerforbundet. 

Kunstnaren Tone Thiis Schjetne (1928 – 2015) var i mange år bilethoggar ved Nidarosdomen. Ho er mest kjent for skulpturen av torgkona «Go’dagen» (1983), som i mange år har stått på Trondheim Torg. Skulpturane til Thiis Schjetne er både figurative og abstrakte, som ofte tar utgangspunkt i ei rørsle eller ei retning, medan unaudsynte detaljar er utelete.  

I skulpturen Sommervind ser me to skikkelsar som held eit stort tøystykke mellom seg. Kanskje legg dei saman kler, eller brer ut eit teppe? Ei kvardagscene, utan fokus på kven desse skikkelsane er eller kvifor dei held på med akkurat dette. Det som er i fokus er den usynlege og milde sumarvinden. Sjølv om skulpturen er forma i hardt og kaldt metall, kan ein likevel sanse den varme brisen som tar tak i klede og tøystykke.  

Mer:

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1