Hopp til hovedinnhold

Skulptur i Skulptursalen

13.05.2023 - 31.12.2023


Å gjere det mjukt er ei utstilling som leikar med måten å vise fram kunst på, i det som frå gammalt av vart kalla Skulptursalen på Trondheim kunstmuseum. Namnet har salen fått rett og slett fordi det var her skulpturane i samlinga blei vist. På den tida stod gjerne skulpturane plassert på høge pidestallar, på rekke og rad, helst tett inntil veggane. Mykje har endra seg sidan då. I påvente av den nye samlingsmonteringa som opnar hausten 2023, har vi igjen laga ei skulpturutstilling i denne salen. Denne gong er dei ikkje plassert ståande på pidestallar, men lagt ned på mjuke soklar. 

Sokkelen er et objekt som vi ofte overser, men som er meir styrande i forhold til hvordan vi ser på kunst enn vi legger merke til. Reint praktisk skal den løfte verket opp slik at vi kan sjå det betre, men like fult fungere som eit vern mot klåfingra publikum. Meir metaforisk er det den som skilje skulpturen si verd frå vår. Skulpturane er bokstaveleg talt urørlege, som understrekar at kunsten finn seg i ei anna verd, der tida står stille.  

  • Skulptursal i fornyet skikkelse
    Skulptursal i fornyet skikkelse. Adresseavisen 25.08.1953. Foto: Schrøderarkivet - Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

Sokkelen er det elementet som utmerkar skulpturen ved å løfte den opp. Desto høgare eller større sokkelen er, desto viktigare er også skulpturen eller det den representere. I utstillinga finn du fleire portrettbyster, både av viktige kjente personar, men også anonyme skikkelsar og privatpersonar. I utstillinga Å gjere det mjukt er det inga slik forskjellsbehandling. Keisar Augustus av Christopher Borch presenterast på same måte som vesle Knut av Tone Thiis Schjetne.  

Å ta skulpturane ned frå dei klassiske pidestallane gjer dei på eit vis meir sårbare. Som om du finn dei i det dei skal til å sovne, eller nettopp har vakna –  eit augneblikk som både er privat og intim. Fleire av skulpturane blir oppbevart slik i magasinet. Dei ligg der å ventar på å bli tatt fram og syna til publikum.  

Korleis eit museum veljar å presentere og forhalda seg til si eiga samling er aldri nøytralt. Å gjere det mjukt kan sjåast på som ein del av ei pågåande utforsking av nye måtar å vise samlinga på, og revurdere den kunstfaglege kanon. Det er en del i vårt arbeid med å skape nye og meiningsfulle møter mellom gjenstandane og publikum. Du kan tenke på denne utstillinga som ein slags ganerens om du vil. Det er eit forsøk på å fristille verka frå kronologi og hierarki. Ved å legge skulpturane ned på ein mjuk sokkel, blir vi kanskje mindre opptatt av kva det skal førestille og blir meir fokusert på kunsten som ting; materialet, tyngda og det handverksmessige arbeide.  

Dette er ein invitasjon til deg som ikkje veit noko om kunst, og til deg som veit mykje, til å erfare skulpturane ikkje berre som bilete, men som gjenstandar med ei vekt og ei overflate, som er blitt gjeve form av kunstnaren. Kanskje kan dette gi rom til nye fortellingar. 

  • 1/1
  • 1/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 2/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 3/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 4/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 5/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 6/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 7/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
  • 8/8
    Foto: Lili Zaneta / TKM.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1